Lom spel- og dansarlag
eit lokallag i FolkOrg og Gudbrandsdal folkemusikklag som arbeider for folkemusikk- og folkedanstradisjonen i Lom
Våre aktivitetar
Folkemusikk
I Lom står folkemusikktradisjonen sterkt. For dei yngste felespelarane har vi Lom juniorspelmannslag. Lom spelmannslag (seniorlaget) er for ungdom og vaksne. Vi spelar både bygdedans og gamaldans/runddans.
Folkedans
Folkedansen er også sterkt forankra i lokalmiljøet. I laget vårt har vi faste øvingar for born og ungdom som dansar hallingdans og pardans. I tillegg har vi dansekveldar for springleik og gamaldans/runddans. Det er også dans på dei fleste miljøkveldar og andre arrangement.
Folkesong
I Lom har vi fleire songgrupper for born og ungdom. Gruppene er delt inn etter alder/nivå og har faste øvingar. Dei deltek gjerne på kappleikar og konsertar.
Bli medlem
Lyst til å vera med på våre aktivitetar? Bli medlem i laget!
Lom spel- og dansarlag er ei frivillig forening med godt over 100 medlemmer i alle aldrar. Vi jobbar for folkemusikk- og folkedanstradisjonane i bygda gjennom opplæring, formidling, kurs, konsertar og sosiale arrangement. Ved å bli medlem støttar du opp om all aktiviteten i laget, og du får fleire medlemsfordelar frå både Lom spel- og dansarlag og frå FolkOrg.
Om oss
Lom spel- og dansarlag vart stifta i 1942. Vi er eit aktivit lag for folkemusikk og folkedans i Lom. Er du interessert i å lære meir om oss og historia vår?
Sjå og høyr oss spele og danse
Du kan også søke etter fleire filmar på YouTube med Lom spelmannslag eller Lom dansarlag.
Lom spelmannslag vinnar av lagspel fele/hardingfele!
Høyr finalespelet frå Landsfestivalen i Vågå 2026.
Lom spelmannslag vinnar av lagspel senior!
Høyr ein av slåttane vi spelte på Landskappleiken på Hovden i Setesdal 2026.
Produkt
Fel-Jakup
Ferdamann med fele
350,-
Frå fyrst te nå nyst
200,-
Tonegjerd
200,-